Avansert søk


Norgesmeisterskap i Bridge på Skjolden

 Laurdag morgon kl 0900, møter Skjolden det internasjonale Sogndal til kamp i 1.runde av NM klubblag.
Spelestad er Fjordstova, og det er lov å sjå på.
Her blir det bridge av internasjonalt kaliber.

Uavgjort mellom Hafslo og Gaupne i NM

NM-kampen mellom Hafslo (Nils Sverre-Torstein og Ketil-Tor) og Gaupne (Hans H.-Stig Rune og John Inge- Arve Bjørn) enda uavgjort etter at Hafslo leia med fattige eitt IMP etter dei første 16 spela. Dermed er Hafslo vidare til 3 runde, medan Gaupne truleg må slå Sogndal for å sikre vidare spel.

Kåre og Joleiv vann handicapturneringa

Måndag 27. november spelte vi handicapturnering, og vinnarar blei Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med 21,6 poeng. Elisabeth Østrem - Tarjei Vangdal blei nummer to med 13,4 poeng og tredje gjekk til Reidar Dale - Carl-Otto Curran med 6,0 poeng.

Resultatliste og spelstensilar (handicap inklusiv)

Denne visninga viser betre korleis det fungerer med handicapturnering. Om ein for eksempel summerer alle spela til Kåre og Joleiv som vann vil dei hamna på 26,3 poeng. Dei har fått - 4,7 poeng "i straff" fordi dei to spelarane til saman har eit handicapsnitt som er noko betre enn gjennomsnittet i turneringa (snittet står øvst og er 31,5 i dette tilfellet). Sluttresultatet deira blir dermed 26,3 - 4,7 = 21,6.

Skal og gå an å få ut liste frå handicapturneringar utan at handicap er medrekna, altså lista slik vi bruker å spela, men det må vi høyra med dei som kan dette godt korleis det skal gjerast.

Hugs MP-treff neste måndag!

Resultat 16. november

Det møtte 7 par til  andre runde av Vinterturnering 1. Kolbjørn og Gunnleiv vant med 56,3 %. Sverre og Ivar ble nummer to med 55,2 %, mens Tom Ivar og Øystein ble nummer tre med 54,2 %.

Sammenlagt etter to av fire runder:

Tor Kyrre - Stig.................107,4 %

Kolbjørn - Gunnleiv...........106,3%

Roger - Ståle.....................102,7 %

Sverre - Margrete...............99,3 %

Brynjar - Asbjørn.................98,0 %

Øystein - Odd Roar.............96,4 %

Knut - Johnny.....................93,3 %

Asbjørn er arrangør torsdag den 23. november  (terminliste).